Frokostblanding med friske bær

Frokostblanding

Det er den tida på året der du kan tusle rundt i graset og kjenne solstrålane varme på bare skuldrar. Sommarfuglar, grøne blad som skjelv og bølgjer som dansar. No i helga har vi nytta det gode veret til å plukke blåbær i skogen og villbringebær frå buskene i nærleiken av huset vårt. Desse bæra kan brukast til mykje, men dei komande vekene har eg tenkt å bruke dei i den nylaga frukostblandinga mi. Du kan sjølvsagt velge andre ingrediensar, men har du desse ti ingrediensane + yoghurt/mjølk, bær og sukker på toppen, kan eg love deg eit fin-fint frukostmåltid!

100 gram havregryn
1oo gram crüsli eller liknande
100 gram kokosmasse
100 gram mandlar
100 gram linfrø
100 gram solsikkekjerner
100 gram graskarkjerner
50 gram chiafrø
100 gram amaranth
100 gram rosiner

  • Kutt mandlar opp i små bitar.
  • Bland alt saman i ein stor bolle.
  • Hell blandinga i ei luftttett boks eller ein glasbehaldar.
This entry was posted in frukost. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


× 8 = sixty four