Persille- og soppsuppe

Eg får aldri nok av heimlaga supper. Det er lettvint å lage og mettar godt. I tillegg er det ei super moglegheit til å bruke alle dei gode råvarene som ein har tilgang på i dei ulike sesongane. I denne suppa har eg brukt kantarellar, persille og hasselnøtter; ein flott kombinasjon.

persillesuppe
Til to personar:
1 purre
3 fedd kvitlauk
1 bunt fersk persille
200 gram persillerot
6 dl grønsaksbuljong
2 dl fløte
50 gram hasselnøtter
1/2 sitron
150 gram kantarellar

  • Skjer opp kvitlauk, purre og persillerot.
  • Steik det på middels varme i ei steikepanne i fem minuttar.
  • Bland inn grønsaksbuljong og la det putre i 15 minuttar.
  • Lag ein puré av blandinga med ein stavmiksar.
  • Tilsett fløte.
  • Smak til med salt og pepar.
  • Del hasselnøttene i to.
  • Rist dei på ei tørr panne.
  • Skjer opp kantarellane.
  • Steik dei i ei panne med smør.
  • Ha sitronsafta over kantarellane.
  • Servér suppa i ein bolle.
  • Strø over kantarellar og hasselnøtter.
This entry was posted in supper and tagged , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


1 − one =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>