I dag var temaet under lunsjen, polentagraut, av alle ting. Eg innsåg at polenta er eit område som eg er lite bevandra i, og bestemte meg for å teste ut ein av dei mange poletagraut-variantane som finnast der ute. Min gode polentagraut-ven Sondre tipsa meg om ein krydra variant, men i dag falt eg for ein søtare frukost-type. Det smakte rett og slett veldig godt! Gode sjangsar for at havregrauten vert bytta ut med denne framover.
1,5 dl vatn
1,5 dl mjølk
0,5 dl polentagryn
1 klype salt
1/2 ts kanel
3 ss yoghurt naturell
1 ss honning
Ein neve ferske bringebær
- Kok opp vatn, mjølk, salt og kanel under omrøring.
- Når blandinga kokar, tilsett du polentagryn og skrur ned for varmen.
- Rør godt i om lag fem minuttar, eller til grauten tjuknar.
- Sett grauten til side og la den kvile i fem minuttar.
- Bland saman yoghurt og honning.
- Ha grauten i ein bolle.
- Hell over yoghurtblandinga og strø over bringebæra.