Regnbogesalat

Av og til har vi salat til middag. Det følest veldig godt med ei skikkelig vitaminoppfylling og så er det smakfullt og mettande når ein har så mange gode ingrediensar i. Denne gongen har eg faktisk prøvd smørbønner (butter beans) for første gong. Dei var gode og passa perfekt i denne salaten.

regnbogesalat

To porsjonar:

1/2 salathovud
1/2 agurk
1/2 paprika
10 cherrytomatar
1 stor gulrot
1 boks smørbønner
100 gram valnøtter
100 gram ost
1/2 bunt kruspersille
olivenolje
1/2 lime
salt 

pepar

kvitlauksbaguette eller anna godt brød

  • Hakk opp alle grønsaker, samt ost og valnøtter.
  • Bland saman
  • Hell over olivenolje og press ut safta av limen.
  • Strø over kruspersillen.
  • Smak til med salt og pepar.
  • Servér saman med godt brød.

 

This entry was posted in salatar and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


1 + = two

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>