Risotto med squash

Eg har aldri laga risotto før. Eigentleg er det litt rart, for eg likar jo risotto veldig godt. Men i likheit med ein del andre så har eg høyrt at det skal vere litt komplisert å få det rett. No har eg altså laga risotto for første gong, og det viste seg at det ikkje var noko vanskeleg. Utfordringa ligg eigentleg i at det er viktig at ein følger oppskrifta. Til ein del andre rettar er det ikkje så frykteleg viktig kva rekkjefølge ting blir kasta i gryta eller om det står litt lenge å putrar i kjelen. Men med risotto handlar det rett å slett om å følge oppskrifta frå A til Å og ta utgangspunkt i eit par køyrereglar. Det ein ønskjer å oppnå er ein fyldig og krema konsistens samtidig som at risen har tyggemotstand. risotto Eit par triks å hugse på før du startar:

  • Bruk ei tjukkbotna kjele slik at varmen fordeler seg jamt.
  • Bruk tresleiv til å røre med.
  • Husk at grønsakskrafta må vere varm når du rører den inn.
  • Bruk risottoris! (arborio, carnaroli eller vialone nano.
  • Rist risen i ei tørr panne (altså uten smør eller olje)

I denne oppskrifta brukte eg squash, sitron og pinjekjerner. Det var ein fantastisk kombinasjon! 200 gram risottoris 850 dl grønsaksbuljong 1 fedd kvitlauk 1 liten raudlauk 1 squash 125 gram pinjekjerner 4 ss ost (parmesan eller kvitost) 1 økologisk sitron 4 ss smør salt pepar

  • Skjer opp lauk, kvitlauk og squash i små bitar.
  • Rasp opp osten og legg den i ei skål.
  • Rasp av skalet på sitronen og ha det i ei anna skål.
  • Kok opp 850 gram vatn og tilsett buljong. Rør rundt. Sett gryta å lavaste temperatur.
  • Ta fram ei steikepanne og ha på middels varme.
  • Ha all risen i steikepanna og rør med ei tresleiv i fire til fem minuttar. Risten skal bli varm, ikkje brent.
  • Sett risen til side i ei skål.
  • Ha to ss smør i ei gryte, når smøret har smelta, tilsett du lauk og kvitlauk.
  • La det surre i to minutt. Tilsett risen og rør rundt.
  • Ha i grønsaksbuljongen litt og litt. Rør rundt undervegs.
  • Når du har blanda inn om lag halvparten av buljongvatnet kan du tilsette squashbitane.
  • Bland i litt og litt av resten av buljongvatnet. Smak på risen undervegs.
  • Prosessen frå du byrjar å ha i buljongvatnet tek mellom 15 og 20 minuttar.
  • Bland inn osten og rør rundt. Ha i sitronskalet.
  • Del sitronen i to og press i sitronsafta.
  • Tilsett 2 ss smør og rør litt til.
  • Strø over pinjekjerner.
  • Smak til med salt og pepar.

 

This entry was posted in gryterettar and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

2 Responses to Risotto med squash

  1. Ola says:

    Fantastisk god risotto! Tommel opp!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


+ 4 = twelve

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>