Rødbetgulasj

Rødbet har ein nydeleg farge og ein nydeleg smak. Denne oppskrifta er inspirert av bønnegulasjen frå Kirsten Skaarups si kokebok “Grønne køkken”, men skorzonerot vart bytta ut med squash og aubergine. Eg bytta også ut persillen med cayennepepper for å piffe det heile opp eit par hakk. Resultatet vart glimrande.

GULASJ

Til fire personar:

1/2 kg rødbeter
1 lauk
2 fedd kvitlauk
300 gram gulrøter
300 gram poteter
4 spiseskeier olivenolje
1 paprika
1 squash
1 aubergine
4 dl grønsaksbuljong
1 boks svarte bønner
2 spiseskeier kveitemjøl
1 teskei spisskummen
1 teskei cayennepepper
1 spiseskei tamarisaus (eller anna soyasaus)
salt
pepar

rømme (valgfritt)
couscous

  • Skrell rødbetene og del dei i fire.
  • Kok dei på middels varme i ca. 20 minuttar.
  • Skjer opp resten av grønsakene medan rødbetene kokar.
  • Steik alle grønsakene i ei stor panne. Start med lauken.
  • Skjer også opp rødbetene i bitar og tilsett dei i gryta.
  • Tilsett buljongvatn, salt, pepar og krydder.
  • La det småkoke i 10 minuttar under lok.
  • Lag couscous som vist på pakken.
  • Rør ut mjølet i litt vatn til du har ei jamning.
  • Tilsett det i gryta og rør saman.
  • Server gulasjen med couscous, ein klatt rømme på toppen og litt bønnespirer.
This entry was posted in gryterettar and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


8 × three =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>