Rødbetsuppe

Hausten er ei herleg tid. I alle fall om ein kan vere inne når det stormar og ute når haustsola dukkar opp og blenkjer på dei gule blada. Hausten er også ei flott tid for supper. I dag har eg laga ei varmande rødbetsuppe med gulrot og chili. Den er ganske spicy, så det er godt med ein klatt rømme på toppen. rodbetsuppe     1 kg rødbet 250 gram gulrøter 1 liten lauk 1 raud chilli 1 ts spisskummen 1 ts kayennepeppar 4 koppar grønsaksbuljong  3 ss olivenolje salt pepar

  • Skrell gulrot og rødbet.
  • Skjer det i små bitar.
  • Kok gulrot og rødbet til det er mørt.
  • Skjer opp lauk, kvitlauk, ingefær og chilli.
  • Steik lauk, kvitlauk, ingefær og chili i ei stor panne med litt olje.
  • Tilsett kryddera og la det surre fem minuttar.
  • Hell av vatnet frå gulrøtene og rødbetene, ha dei i den store gryta med lauken og det andre.
  • Mos alt saman med stavmiksar, heilt til du har ein tjukk puré.
  • Ha i grønsaksbuljongen og rør rundt.
  • La suppa putre i 5 minuttar.
  • Tilsett olje.
  • Smak til med salt og pepar.
  • Servér med brød og rømme og pynt gjerne med friske urter.

 

This entry was posted in supper and tagged , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Rødbetsuppe

  1. Pingback: Flapjack med mere | homo ludens

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


− 2 = five

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>