Salat med gulrot og mango

Eg er litt usikker på om eg skal kalle det salat eller wok, men eg vel å kalle det salat. Det er i alle fall ein herleg lunsjrett som ein kan ete heime i helga, eller ta med på jobb. Eg har aldri kombinert gulrot, kikerter, balsamicoeddik og mango, men det viste seg å smake supert. 

mangogulrot

1 stor porsjon:

2 gulrøtter
1/2 lauk
1 boks kikerter
1 liten purre
1 pakke byggris (50 gram)
1 ss balsamicoeddik
1 mango

  • Skrell gulrøtter og skjer dei opp i bitar.
  • Skjer opp lauk og purre i bitar.
  • Varm opp ei steikepanne med litt olje.
  • Steik lauk, purre og gulrøtter.
  • Tilsett balsamico.
  • La det surre i fem minuttar.
  • Kok byggris som vist på pakken.
  • Skjer opp mango i små bitar.
  • Bland alt saman.
  • Smak til med salt og pepar.

 

This entry was posted in salatar and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


7 − = six