Søtpotetcurry

Søtpotet er ei spennande grønsak som blir brukt altfor lite i Noreg. Forvirrande nok er søtpoteta ikkje i slekt med vanleg potet. Den har ein mykje søtare smak og liknar kanskje litt meir på gulrot. Søtpoteten er full av berakaroten + c-vitamin, så den er sunn i tillegg til å smake godt. Her har eg hatt den i indiske gryta; Kjempegodt! 

Servér med ris eller chapati til. 

spcurry

1 sjalottlauk
2 fedd kvitlauk
5 cm ingefær
1 søtpotet
1 stor gulrot

1 kopp gule linser
1/2 kopp raude linser

1 teskei spisskummen
1 teskei koriander
1 teskei paprikakrydder
1 teskei garam masala
salt
pepar
1 spiseskei soyasaus
1/2 lime
1 spiseskei sukker
1 boks kokosmjølk
3 tomatar
3 spiseskeier solsikkeolje
1 kopp grønsaksbuljong

  • Skyll dei linsene i kaldt vatn godt slik at alt skummet forsvinn.
  • Legg linsene i kaldt vatn i ein bolle i minst ein time.
  • Skjer opp lauk, kvitlauk og ingefær.
  • Surr det i litt solsikkeolje i om lag fem minuttar.
  • Skjer opp gulrot i små bitar.
  • Tilsett det i steikepanna.
  • Tilsett kryddera.
  • Ha resten av ingrediensane.
  • La retten småkoke i ein halvtimes tid.
  • Tilsett meir vatn og litt meir olje om det blir for tørt.
  • Smak på gryta, og tilsett meir krydder eller salt om det er behov for det.
This entry was posted in asiatisk, gryterettar and tagged , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


− 4 = three

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>