Søtpotetgryte

Søtpotet er ein av mine favorittråvarer. Den kan brukast til veldig mange rettar og blir spesielt velsmakande i gryterettar. I denne oppskrifta har eg kombinert fennikel og knutekål, men det går sjølvsagt an å bytte det ut med andre grønsaker som persillerot, pepparrot, gulrot eller stangselleri, men denne kombinasjonen viste seg å vere super. Servér med ris, couscous eller ferskt brød til. P.s: Retten smakar minst like godt dagen etter! søtpotetgryte 1 lauk 2 fedd kvitlauk 1 søtpotet 1 fennikel 1 knutkål 1 ts paprikapulver 1/2 ts spisskummen 1/2 ts koriander 1/2 ts gurkemeie 1/2 ts kayennepepar 1/2 ts kanel 4 dl grønsaksbuljong 1 boks kikerter 1 boks hakka tomatar salt pepar ris eller couscous

  • Skjer opp lauk og kvitlauk.
  • Skrell søtpotet og knutekål. Skjer opp søtpotet, knutekål og fennikel i små bitar.
  • La lauk og kvitlauk surre i ei stor panne med litt olje.
  • Tilsett alle kryddera og la det steike i fem minutt på middels varme medan du rører.
  • Ha i resten av ingrediensane.
  • La gryta putre i minst 30 minuttar.
  • Rør undervegs.
  • Smak til med salt og pepar.
  • Servér med ris, couscous eller ferskt brød. (Gjerne ein klatt rømme på toppen.)
This entry was posted in gryterettar and tagged , , , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


4 + = five

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>