Søtpotetlinseburger

Burger er digg veggismat. Eg har allereie tandooriburger og linseburger med sopp på bloggen. Denne gongen har eg testa ut linseburger med grønkål og søtpotet. Saftig og lekkert. For at burgerane ikkje skal smuldre opp er det viktig å kjøle dei litt av i kjøleskapet. Skal du ikkje ete alle, kan du også fryse ned eit par stykker (før dei blir steikt). Då har du nemleg ein kjapp og enkel middag til ein annan dag :-)

burger

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1 liten lauk
1/2 kopp raude linser
1 søtpotet
50 gram grønkål
1 ts koriander
1 ts spisskummen
1 ts paprikapulver
1 ts garam masala
1/2 ts cayennepepar
2 ss kikertmjøl
1/2 kopp sesamfrø

burgerbrød

agurk
salat
tomat
sennep
dressing
ost (valgfritt)

  • Skyll linsene godt.
  • Ha linsene i kaldt vatn i ein bolle i minst 20 minuttar.
  • Kok linsene på middels varme i om lag 15 minuttar.
  • Skrell søtpoteta og kutt den opp i bitar.
  • Damp den til den er mør.
  • Skjer opp lauk og grønkål i små bitar.
  • Hell vatnet av linsene og ha dei i ein bolle.
  • Tilsett alle kryddera samt lauk og grønkål.
  • Mos søtpoteta med ein stavmiksar og ha den i linseblandinga.
  • Bland inn kikertmjøl og smak til med salt og pepar.
  • Strø sesamfrø på ei fjøl.
  • Form blandinga til seks burgerar og bland inn sesamfrøa.
  • Ha dei i kjøleskapet i 20 minuttar.
  • Varm litt olje i ei steikepanne.
  • Steik burgerane i om lag fem minuttar på kvar side.
This entry was posted in burger and tagged , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Søtpotetlinseburger

  1. Pingback: Den store linse- og bønneguiden | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


7 − six =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>