Spansk småmat

For kort tid sidan kom vi heim frå ferie i Spania. Det var ein fabelaktig tur i Andalucia med sol og god mat. Den eine dagen slumpa vi forbi ein koselig gastropub i San Pedro de Alcantara. På menyen var det både normale tapas og små toastar med ulikt fyll. Vi likte veldig godt dei små delikate rettane på rista brød.

Eg har testa ut to toastvariantar her heime, begge er med maskarponeost, men den eine er med karamellisert lauk og den andre er med soltørka tomatar. Utruleg godt som småmat enten når ein har gjestar, eller når ein vil ha ein litt triveleg kveld.

tapas

Baguette eller ein pakke melbatoast
1 pakke maskarponeost

1 lauk
3 ss smør
1 ss olivenolje
4 ss kvitvin

10 soltørka tomatar
1 neve fersk oregano

1 dl flytande honning

Du kan velje om du vil bruke baguette eller melbatoast.
Bruker du baguette skal dei berre skjerast i tynne skiver og riste dei litt på steikepanna med litt olje. Bruker du melbatoast kan du bruke kjeksa rett frå pakken.

Karamellisert lauk
* Det tek tid å lage karamellisert lauk, om lag 50 minutt, men det er veldig greit å gjere det medan du driv med andre ting.
* Skrell lauken og skjer den i to.
* Skjer så desse to halvdelane i tynne skiver.
* Smelt smør og olje i ei steikepanne med stor diameter.
* Ha på lav varme og tilsett lauken.
* Rør rundt i lauken kvart femte minutt.
NB: Ikkje bli frista til å skru opp temperaturen. Lauken vil sakte men sikkert bli mjuk og lukte godt.
* Etter om ca. 45 minutt skal lauken vere gylden.
* Tilsett kvitvinen i steikepanna og rør rundt i fem minutt til.

* Smør baguettbitane eller melbatoasten med maskarponeost.
* Kutt opp dei soltørka tomatane i veldig små bitar.
* Strø tomatar og fersk oregano over lavparten av toastane.
* Ha karamellisert lauk og ein liten dæsj honning på den andre halvparten.

This entry was posted in smårettar and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


eight × = 72

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>