Spinatlasagne

Vanlegvis brukar eg å lage denne grønsakslasagnen, men no hadde eg lyst til å prøve ein ny variant. Spinat er jo godt i andre middagsrettar, slik som denne, så då tenkte eg at eg ville prøve å lage ein spinatlasagne også. Resultatet vart supert. Kanskje ein rett du kan lage som fredags- eller laurdagsmiddag? Server den gjerne med ein frisk tomatsalat til :-)

spinatlasagne4

ca. 2 personar:

400 gram fersk spinat
5 store sopp
2 fedd kvitlauk
1 spiseskei oregano
200 gram fetaost

3 dl heilmjølk
2 spiseskeier mjøl
50 gram kvitost
6 lasagneplater

salt
pepar

 

  • Sett ovnen på 180 grader.
  • Klipp opp spinaten. Ha den i ei stor gryte.
  • Ha på middels varme og la spinaten synke saman.
  • Tilsett salt, pepar, oregano og oppsmuldra fetaost.
  • Skjer soppen i bitar og steik den med litt smør i ei steikepanne.
  • Tilsett soppen i spinatblandinga.
  • Ha margarin i ein middels stor kjele.
  • La det smelte.
  • Tilsett kveitemjøl litt og litt.
  • Rør godt.
  • Tilsett mjølk litt og litt medan du rører.
  • Pass på at det ikkje brenn fast i botnen.
  • Når det startar å koke, sett ned varmen og tilsett osten.
  • La det koke på svak varme i fem minutt medan du rører.
  • Finn fram ei ildfast form.
  • Bland saman ostesausen og spinatblandinga.
  • Hell ein tredjedel av spinatosteblandinga i forma.
  • Legg på lasagneplater slik at det dekker flata.
  • Gjenta same prosedyre ein gong til.
  • Ha så siste rest av spinatosteblandinga på toppen.
  • Steik lasagnen i oven på 180 grader i 30 minuttar.
  • Skru ned varmen til 150 grader dersom du ser at osten har fått nok.

 

This entry was posted in ovnsrettar and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


seven + = 11

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>