Spinattimbalar

Har du lyst på ein varm lunsj, eller kanskje litt digg kveldsmat? Då kan eg anbefale desse spinattimbalane. Sidan oppskrifta er relativt stor kan ein anten fryse ned eit par, Eller spare nokon til neste dag og bruke dei som matpakke. 

spinattimbal2

12 stk.
400 gram spinat
500 gram ricotta
5 egg
2 ss hakka dill
2 ss oregano
1/2 ts salt
100 gram feta
12 cherrytomatar

  • Sett ovnen på 160 grader.
  • Klipp spinaten opp i små bitar med ei saks.
  • Ha spinaten i ei gryte om sterk varme.
  • Rør rundt.
  • Når spinaten fell saman kan du skru av varmen.
  • Press ut mest mogleg vatn frå spinaten og la den avkjøle i ei skål.
  • Visp saman egga.
  • Ha ricotta, spinat og krydder i ein bolle.
  • Hell massa i muffinsformer og trykk ein tomat ned i kvar form.
  • Smuldre feta på toppen.
  • Steik timbalane til dei er faste og lett gyldne.
  • Kjøl av på rist.
This entry was posted in ovnsrettar, smårettar and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


+ three = 11

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>