Pasta med ostesaus finnast i uttalige variantar. Eg har funne ut at sopp og squash egnar seg ypperleg. Dette er ein lettvint, men smakfull middag.
1 squash
10 sopp
2 kvastar vårlauk
2 fedd kvitlauk
1 kopp fersk persille
1/2 boks Philadelphia-ost
1 kopp parmesan
1/2 kopp mjølk
ein neve pinjekjerner
salt
pepar
350 gram pasta
- Kok opp ei kasserolle med vatn, litt salt og litt olje.
- Kok pastaen til den er ferdig.
- Skjer opp kvitlauk og vårlauk.
- Varm opp steikepanna med litt olje.
- Fres kvitlauk og vårlauk eit par minutt.
- Skjer opp sopp og squash.
- Tilsett dette i steikepanna.
- Strø over persille og bland inn.
- Rør Philadelphia-osten og parmesan inn i blandinga.
- Rør rundt og ha i mjølka til slutt.
- La det putre eit par minutt.
- Rist ein neve pinjekjerner på ei tørr panne. Pass på så dei ikkje svir seg.
- Ha pasta på ein tallerken. Ha på ostesausen og strø over pinjekjernene.