Taco med mango

Det nærmar seg fredag. Den store tacodagen. Eg veit ikkje når og kvifor fredag vart tacodagen, men ifølge ei undersøking utført av Infact for VG, så et 400.000 nordmenn taco ved helgestart. Eg har laga ein tacovariant som er hakket freshare enn den vanlege. For det første er den vegetarisk, og for det andre brukar eg hjertesalat i staden for skjell eller lefser, og for det tredje har eg ein ekstra herleg ingrediens, nemleg mango. Supergodt!

taco

4 store sopp
1 boks kidneybønner
1 boks hakka tomatar
1 pakke tacokryddermiks frå Old El Paso (utan palmeolje)

hjertesalat
paprika
mango
cherrytomatar

eventuelt rømme og ost

  • Skjer opp sopp i små bitar.
  • Steik dei i panna med litt olje.
  • Tilsett hakka tomatar og tacopuver.
  • Skyll bønnene godt i kaldt vatn i ei sil.
  • Tilsett dei i panna.
  • La det putre i om lag 10 minuttar på middels varme.
  • Rør undervegs.
  • Kutt opp mango, paprika og tomat.
  • Ha tacoblandinga i eit salatblad.
  • Ha på resten av ingrediensane.
This entry was posted in I panna and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


+ 4 = seven