Tandooriburger

Er du på jakt etter ein saftig og smakfull veggisburger? Då er du på rett stad! Eg har nemlig laga ein veldig god burger med kikerter, linser og tandoorikrydder. Snaddermat!

250 gram raude linser
1 boks kikerter
1 spiseskei tandoorikrydder
1 egg
5 spiseskeier fersk persille
1 sjalottlauk
1 fedd kvitlauk
2 spiseskeier brødrasp
2 spiseskeier kikertmel
salt
pepar

 

tburger

 

 

  • Legg dei raude linsene i blaut i minst ein time.
  • Skyll linsene godt i ei sil.
  • Kok linsene i om lag 15 minuttar.
  • Skjer opp lauk og kvitlauk.
  • Bland alle ingrediensane bortsett frå halvparten av linsene i ein foodprosessor.
  • Bland inn resten av linsene.
  • Er blandinga for laus, tilsett meir kikertmel. Er blandinga for fast, tilsett litt vatn.
  • Smak til med salt og pepar.
  • La blandinga stå kaldt i kjøleskap i 30 minuttar.
  • Sett ovnen på 180 grader.
  • Form deigen til seks tjukke burgerar.
  • Legg dei på eit steikebrett med bakepapir og steik dei i ovnen i 20 minuttar.
  • Ta ut burgerane og steik dei lett på panna i fem minuttar.
  • Varm burgerbrød i oven.
  • Skjer opp dei grønsakene du likar og ha på dressing og sennep.

 

This entry was posted in burger and tagged , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


9 × = eighteen