Thaiwok

Thaiwok er ein velsmakande middagsklassikar som vi ofte har her i heimen. Grønsakene kan sjølvsagt varierast litt, alt etter kva ein likar best. Sopp, bønnespirer og vannkastanjer kan også brukast til denne retten. 

thaiwok

2 spk. olje

1 raudlauk

Eit stykke fersk ingefær

2 fedd kvitlauk

2-3 teskeier grøn eller raud curry paste

1 paprika

1 liten brokkoli

1/2 squash

8 minimais

2 spk. soyasaus

2 boksar kokosmjølk

1/2 lime

Ein handfull cashewnøtter

Ris

1 pakke røykt Nagel-tofu (eller anna fast tofu)

  • Skjer opp lauk, kvitlauk og ingefær. Sett samtidig på risen.
  • Varm opp wokpanna. Ha i olje, lauk, kvitlauk, ingefær og ”paste”
  • La det surre i om lag 3 minuttar.
  • Skjer opp grønsakene i bitar.
  • Ha i grønsakene, kokosmjølk, soyasaus og lime.
  • Smak, er sausen for svak, ha i meir paste, soyasaus og kanskje litt salt.
  • La retten putre i om lag 15 minuttar.
  • Medan retten putrar skjerer du opp tofuen i små bitar.
  • Steik tofubitane i ei eiga panne med litt olje.
  • Servér i djupe middagstallerkenar, og strø cashewnøtter og tofubitar over til slutt.
This entry was posted in asiatisk and tagged , , , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


seven − = 2

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>