Tid for spirer!

Våren har fått ein sped start her i Bergen. Nokre blomar har byrja på sprette opp frå den kalde bakken og forhåpentligvis blir det grønt på trea snart også. I denne vårmånaden synest eg det passar veldig fint å kome i gang med spirene. Faktisk kan ein dyrke eigne spirer heile året, men no synest eg det passar ekstra bra. Eg har lagt ut ei oppskrift på korleis du lagar eigne spirer her på bloggen tidlegare, men det skadar ikkje med ein repetisjon. 

Spirer smakar veldig godt på ei fersk brødskive med ost, i ein god salat, i supper, gryterettar eller på toppen av ein omelett. 

firespirer

 

  • Skyll ein kopp grøne linser i kaldt vatn gjennom ei sil.
  • Legg linsene i ei skål med vatn i åtte timar.
  • Skyll linsene igjen.
  • Ha linsene i ei glaskrukke. (Krukka skal vere så stor at den ikkje er fylt meir enn ein tredjedel.)
  • Strekk ein tynn kjøkkenklut over opninga på krukka.
  • Stram til med ein gummistrikk.
  • Skyll linsene i kaldt vatn (medan klutloket er på), to gonger om dagen.
  • Rist godt og la vatnet renne ut igjen.
  • Gjenta skylleprosessen i fire til fem dagar.
  • Linsene har no blitt til spirer!
  • Ta spirene ut av krukka og legg dei i ei lufttett plastboks i kjøleskapet med litt kjøkkenpapir i botnen.
  • Spirene held seg friske i om lag ei veke.

Får du ikkje komt i gong med di eiga spiring, kan eg anbefale nokre nye spirar som ein får kjøpt på Coop. Dei har fått navnet “Superspirer”, er økologiske og vert produsert på Hoppestad Gård utanfor Skien. Eg har smakt brokkolispirer, reddikspirer og kløverspirer. Etter mi meining er brokkoli- og kløvervariantane veldig gode. Reddikvarianten vart litt for spiss i smaken for meg. Meir info om superspirene kan du finne her

This entry was posted in salatar and tagged . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


6 − four =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>