Tofu med peanøttsaus

Det er på høg tid med ein ny oppskrift her på bloggen. Denne veka har eg laga ein ny tofurett. (Vil du ta ein kikk på tidlegare tofurettar eg har laga kan du til dømes sjekke ut chiligraskar med tofu, tofuwraps,eller pannesteikt currytofu.) Denne retten er kjapp og lage, men smakar supergodt!

tofupeanøttsaus

250 gram fast tofu (kan gjerne vere ein marinert variant)
2 ss peanøttsaus (peanøttsatay-saus)

2 gulrøtter
50 gram aspargesbønner
1/2 brokkoli

1/2 lime

50 gram cashewnøtter

200 gram risnudlar

  • Skjer tofu opp i små bitar.
  • Steik det i ei panne med litt olje på middels varme til dei er gyldne.
  • Skjer opp gulrøtter, brokkoli og aspargesbønner.
  • Steik det med litt olje i panna du akkurat brukte.
  • Tilsett peanøttsaus og tofu.
  • La det putre i fem minuttar under omrøring.
  • Kok risnudlane som vist på pakken.
  • Bland risnudlande inn saman med resten.
  • Ha over safta av ein halv lime.
  • Strø cashewnøtter på toppen.
This entry was posted in I panna, Kjeks og kaker and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


three + 7 =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>