Mange matbloggarar legg ut fine vekemenyar, så no har eg latt meg inspirere til å lage ein eg også. Satsar på å legge ut ein i månaden. For dei av dåkke som et kjøt kan dette kanskje vere ein bra måte å innføre ei vegetarisk veke i månaden?
I denne vekemenyen har eg lagt inn ein ny rett kvar dag. Som regel brukar vi å lage dobbel porsjon enten ein eller to gonger i veka slik at vi ikkje må lage middag kvar dag. Her må ein berre tilpasse opplegget etter kva som passar best. Det viktigaste for å kunne klare å gjennomføre ein vekemeny, er imidlertid planlegging. Dersom du ønsker å lese meir om korleis ein kan organisere middagslaginga slik at ein sparer seg både tid og pengar, kan du lese her.
Mandag: Ratatouille
Tirsdag: Pasta med tofu
Onsdag: Paprikasuppe
Torsdag: Sopp- og spinatpannekaker
Fredag: Middelhavspai
Laurdag: Linseburger
Søndag: Varmande vintergryte