I dag er det søndag og nydeleg vintervær her i Bergen. Vi har sol, blå himmel og litt sol. Etter ein herleg trilletur med veslejenta, snekra eg saman ein ny vekemeny med utvalgte oppskrifter frå Veggisbloggen. På same måte som i desember har eg satt saman ei liste med nokre rettar som tek kort tid å lage og nokre rettar som tek litt litt lengre tid.
Vekemenyen er meint som eit forslag. Her må ein berre tilpasse opplegget etter kva som passar best. Det viktigaste for å kunne klare å gjennomføre ein vekemeny, er imidlertid planlegging. Dersom du ønsker å lese meir om korleis ein kan organisere middagslaginga slik at ein sparer seg både tid og pengar, kan du lese her.
Mandag: Caponata
Tirsdag: Pannesteikt currytofu
Onsdag: Persille- og soppsuppe
Torsdag: Dal og chapati
Fredag: Taco med mango
Laurdag: Falafel med feta
Søndag: Linse- og soppmoussaka