Wraps med peanøtt-chilli-tofu

For tida har vi eit nydelig vêr her i Bergen. Sol, blå himmel og opp mot 20 grader. Slike solskinsdagar gjer at ein får lyst på lett mat som ein gjerne kan ta med seg i parken. I dag har eg laga herlege wraps med tofu. Skal du ta dei med som niste er det lurt å feste ein strekk rundt dei slik at dei ikkje dett frå kvarandre. Det er sjølvsagt mogleg å bruke litt andre grønsaker, men denne tofumariaden av soyasaus, peanøttsmør, olivenolje, sambal oelek og honning er verkeleg god!

wraps
 2 store gulrøter
1 søt paprika (dei avlange)
1/4 pakke ruccolasalat

250 gram røkt tofu (eller anna fast tofu)

Marinaden: 1 ss olivenolje, 2 ss soyasaus, 1 ss honning, 2 ss peanøttsmør, 1 ts sambal oelek (malaysisk chilisaus)

4 store tacolefser

  • Trykk ut all overflødig væske av tofuen.
  • Skjer tofuen i stavar.
  • Varm opp ei steikepanne med litt olje på middels varme.
  • Steik tofubitane til dei er gyldne.
  • Bland saman marinaden.
  • Hell mariaden over tofubitane i steikepannen.
  • La det putre i 3 minuttar. Rør forsiktig rundt.
  • Sett ovnen på 150 grader.
  • Legg tacolefsene flatt og pakk dei inn i aluminiumsfolie.
  • Ta ut lefsene etter 5 minuttar og hald dei varme dersom ikkje alt fyllet er klart.
  • Skrell gulerøttene og skjer dei opp si stavar.
  • Skjer opp paprikaen i stavar.
  • Skjer lefsene i to.
  • Legg på alt fyllet og rull saman.
This entry was posted in smårettar and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


+ two = 10